Informasjon

Eivind Kåre Tandstad

  • 09.10.1946 - 27.08.2022

Til minne om Eivind

Etter ein lengre kamp mot kreften, måtte du gi slipp 27.8.22. Dei siste månadane var prega av mykje smerte og vi rundt deg såg kor redusert du blei. Derfor er det også godt for oss å vite at du no er smertefri og kan kvile i fred. Du var ein blid mann som likte å slå av ein prat med alle. Du var blant anna glad i musikk, historie og slektsgransking og dette var noko vi kunne snakke mykje om. Familien var viktig for deg og dette viste du gjerne ved å bidra med all hjelp og støtte du kunne, anten det var med hendene i form av arbeid eller gode råd. Eivind, du vil bli sårt sakna av familie og venner ❤️ Gravferd i Sykkylven kyrkje fredag 2.september kl.13.00.

Annonser for Eivind Kåre Tandstad

Dødsannonse
Dødsannonse
Innrykksdato
NYSS
31-08-2022