Informasjon

Arne Peder Stavseth

  • 24.03.1944 - 22.06.2023

Minnetale Arne Peder Stavseth Vi er samla her i dag for å ta eit siste farvel med Arne Peder Stavseth, fødd 24.mars 1944. Arne blei 79 år. Han etterlet seg borna Kari, Turid og Oddgeir i tillegg til 10 barnebarn og to svigerbarn. Arne vart fødd på småbruket Myra på Tynes. Han var eldste son av Olav og Lovise Stavseth. Her budde familien på loftet til besteforeldra fram til dei i 1948? flytta inn i nybygd hus i Tynesstranda. Arne fekk tre søsken; Øyvind, Torunn og Liv Haldis. Dei første barneåra var det tett kontakt med besteforeldre, tanter og onklar i det vesle huset i Myra. Kvar sommar gjekk turen til garden Stavseth ved Ellingsøyfjorden, der far Olav hadde vakse opp. Reisa gjekk føre seg med åpen båt med påhengsmotor. Her hjelpte dei til i slåtten og det var fleire søskenbarn på same alder som søskena kunne leike med. Ein sommar gjekk turen også til Hjørundfjorden for å besøke slekta der. Det var i denne tida ikkje materiell overflod, men oppveksten gav Arne verdiar som nøysemd, arbeidsmoral og det å vere fornøgd med det ein har. Ferieturar var ikkje vanleg på denne tida, men medan Arne framleis brukte bleier, tok foreldra han med på sykkel- og telttur over Trollstigen til Åndalsnes. Frå tidleg alder vart Arne vant med å hjelpe til i heimen. Vedhogst og fiske var det naturleg å vere med på, men mora Lovise lærte mot normalt på den tida både gutar og jenter å lage mat. Av større prosjekt kan bygging av naustet nemnast. Dette var han med på då han var om lag 12 år gammal. Nærleiken til sjøen betydde mykje for Arne gjennom heile livet. Han var med faren på sjøen frå ung alder for å fiske og om somrane var det mykje bading. I ungdsomsåra bygde han seg også eigen kajakk. Om vinteren hende det at borna hoppa på isflaka ned på fjorden, og då Arne var snaut ti år gammal, heldt det på å gå gale med ei nabojente. Isflaket ho stod på vart teke av vinden. Arne og to kameratar var rådsnare og fekk tak i robåt. Heldigvis var Arne så tynn at han kom seg under naustdøra og fekk henta årene slik at jenta vart redda. Tynesstranda var ein god plass å vekse opp, med mange leikekameratar og godt naboskap. Første skuleåra var på Vik skule, og deretter gjekk turen til Aure skule på praktisk linje. Kullet til Arne var blant dei første i landet som gjekk på ungdomsskule, sidan Sykkylven kommune var med i eit prøveprosjekt der ein gjekk vekk frå systemet med framhaldsskule og realskule. Etter ungdomsskulen gjekk turen til Bakketun folkehøgskole i Trøndelag. Her fekk Arne bruke dei praktiske evnene sine på metallsløydlinja. Året etter jobba han som vaktmesterassistent på Bakketun. Han stortrivdest begge åra, og det er ikkje få gonger seinare i livet han har snakka varmt om Bakketun. Opp gjennom åra har han delteke på mange elevtreff der, og den siste langturen i Arne sitt liv gjekk til 60 årsjubileet på Bakketun i august i fjor. Militærtenesta vart avtent i luftforsvaret i Bodø, og som småbarnsfar var han også fleire gonger på rep-øving. Den kristne trua har prega livet til Arne, og i ungdommen var han elev på tre ulike bibelskular. Vinteren 1969 gjekk Arne på Fjellhaug bibelskule i Oslo, og her møtte han den nyutdanna sjukepleiaren Liv Lillebø frå Skodje. Dei forlova seg i 1969 og gifta seg i 1970. Det nygifte paret flytta inn på loftet i huset til foreldra i Tynesstranda. I 1971 vart eldstejenta Astrid Lovise fødd og i 1974 kom Kari til verda. Dei fekk så kjøpt seg tomt i Tynesstranda, og i 1976 stod huset ferdig. I 1977 vart Turid fødd og i 1980 kom Oddgeir. Liv var ein god livsledsagar for Arne, og saman skapte dei ein trygg og god heim. Erfaringa frå kjøkkenet til mor Lovise var nok ein viktig grunn til at han kunne ta ansvar for at det kom middag på bordet. Dette gjorde han ikkje berre når Liv jobba helgedagar eller natt, men også når ho jobba dagvakter. Med verkstad heime var vegen kort ned til kjøkkenet for å sette over potetene. Mens andre fedre stort sett berre kunne lage posesuppe og varme opp pølser, laga Arne både brun og kvit saus og det som meir komplisert var. Kollegane til Liv misunte henne som fekk nysteikt eplekake då ho stod opp etter nattevakt. Han prøvde seg også på å flette håret til dei tre jentene når mamma var på vakt, men resultatet blei nok litt ujamnt. Heimen deira var open, og Arne var leiar i guttelaget dei hadde heime og hjalp til med den årlege tombolaen barneforeininga arrangerte i familien Stavseth sitt hus. Kvar påske reiste dei til familiepåskeleir på Vestborg. Sommarferiane vart ofte brukt på biltur rundt i landet, anten det var for å besøke venner og familie eller for å delta på kristne stemne. Minnet om den sennepsgule Volvoen med ettermontert overdrive, sit som spikra hos barna. I motsetning til dagens femte-og sjettegir vart overdriven skrudd på med ein eigen knapp. Under risikable forbikøyringar kom det ofte frå Liv: ”Arne, då!” Feriane skulle helst ikkje kosta så mykje, og dermed blei det ikkje mange utanlandsturar på Arne. Dette var heller ikkje nødvendig, for kvar sommar kom søster Torunn med familie på besøk til bestemor i nabohuset. Tynesstranda vart dermed omgjort til ferieparadis også for Liv og Arne sine barn. Yrkeslivet til Arne har opp i gjennom åra vore variert. Nøyaktigheita og arbeidskapasiteten hans gjorde at han eigna seg godt til presisjonsarbeid som lakkering. Han arbeidde med dette både på BP i Sykkylven, Ødegård karosseri og Tynes møbelfabrikk. I 1982 starta Arne opp med oppretting og billakkering i garasjen. Her vart både veteranbilar, motorsyklar og vanlege bilar retta opp og lakkerte av dei nøyaktige hendene til Arne. Mange år med eksponering for løysemiddel sette sine spor på helsa og i 1994 måtte han omskolere seg. Han byrja etter kvart som vaktmeisterassistent på Vestborg internatskule på Stranda. I denne jobben fekk han kombinert både praktisk arbeid, det at han lett kom i prat med folk og at smilet aldri var langt unna. Han var godt likt og i dei åra han jobba der, vart han utnemnt til æresruss to gonger. På fritida likte Arne å vere ute i naturen og allereie som 10 åring var han på Straumshornet første gongen. Han likte å hauste av det naturen hadde å by på både av fisk, bær, frukt og grønsaker. Blåbær, bjørnebær og villbringebær var det han plukka ute i naturen, mens han i kjøkkenhagen hausta både jordbær, bringebær, grønnkål og gulrøtter. Til og med no i mai, tok han ut med el-sykkel med tilhengar for å kjøpe jord og tre dagar før han døydde planta han årets grønnkål. I uthuskjellaren innreidde han hønsehus og heilt til det siste brukte han tid og krefter på å legge til rette for hønene. Det var kanskje bra han ikkje fekk med seg at reven tok alle hønene så nær som ei etter at han vart innlagt på sjukehuset siste gongen. Arne var godhjarta og hadde vondt for å seie nei om han vart spurt om noko. Både dyr og barn merka fort godleiken hans. Kattar kraup alltid opp i fanget hans, og dei små barnebarna fulgte etter han sjølv om han ikkje underheldt dei, men berre gjorde sine daglege syslar. Sang og musikk var også ein del av livet til Arne. Som gut spelte han althorn i Aure skulekorps og i periodar var han med i mannskoret Sunnmørsgutane og i musikklag i Straumgjerde og Velledalen. Etter vekkelsen på slutten av 60-talet reiste han rundt og tala og song. Gjennom mange år gledde han dei eldre på sjukeheimen med gitar og sang, og barnebarna har også gode minne etter gitar og sang i stova. Arne likte godt å høyre på radio, særleg den kristne nærradioen. Med ein kvardag fylt med gjeremål både her og der, vart det til at han hadde ein radio ståande i fleire rom i tillegg til den bærbare. På radioen fekk han fleire daglege andaktar. Saman med Liv var han engasjert både på bedehuset og i misjonsforeining. Då dottera Turid budde i Tanzania, fekk dei reise på besøk og såg misjonsarbeidet på nært hald. Han var gjennom fleire år søndagsskulelærar på Vik skule, og det var viktig for han å vidareformidla kristentrua til neste generasjon. Då helsa etter kvart gjorde det vanskeleg å koma seg ut på møte, var det godt for han å kunne sitte heime i stova og følgje gudsteneste på radio eller TV. Han fekk god omsorg av kona Liv gjennom mange år. Det er ikkje alle forunt å ha ein privat sjukeplaiar tilgjengelig heile døgnet, men dette kjem godt med når ein har både diabetes og ulike hjarteproblem. Barnebarna fulgte spent med då han skulle stikke seg i fingeren for å måle blodsukker og i magen for å sette insulin. I november 2020 gjekk han gjennom ein stor hjarteoperasjon i Trondheim, og dette ga han betre livskvalitet dei siste åra. Det var eit tungt slag for Arne då han mista si kjære Liv av hjernebløding i juni 2021. Han måtte også ta avskjed med eldstedottera Astrid i januar i år. Til tross for helseplager og dødsfall dei siste åra miste han ikkje livslysta og evna til å sjå framover. Han var klar i tanke og sinn heilt til det siste. Den siste månaden var prega av hyppige sjukehusinnleggelsar og hjartesvikten let seg ikkje lenger behandle. Han hadde sett fram til ei bibelhelg på Bjorliheimen i slutten av mai, men denne klarte han ikkje å gjennomføre. Under dei mange sjukehusopphalda klaga han aldri på noko, og han var ein takknemleg pasient. Det siste døgnet hadde han borna sine rundt seg og han sovna trygt inn i trua på Jesus. Arne hadde ønska at gravferda hans skulle vere ein himmelfest. Der andre ser ein håplaus ende, ser den kristne eit endelaust håp. No ser vi han for oss i himmelen, der han deler ut flatbrød, grønnkål og nyplukka jordbær til både gamle kjente og nye bekjentskap. Vi lyser fred over minnet hans.

Annonser for Arne Peder Stavseth

Takkeannonse
Dødsannonse
Innrykksdato
NYSS
14-07-2023
Dødsannonse
Innrykksdato
Sunnmørsposten
10-07-2023
Dødsannonse
Dødsannonse
Innrykksdato
Sunnmørsposten
26-06-2023
Dødsannonse
Innrykksdato
NYSS
28-06-2023