Takk for alt du var for oss, kjære tante Margit. Alltid venleg og snill, oppteken av at det gjekk oss vel, alltid velkomne hos dykk. Me minnest deg og onkel Magnar med glede og takksemd.
Sveinung og Bente m. familie
Kjære tante Margit, du fekk eit langt og rikt liv. Det er nesten utruleg at du er borte. Eg og min vesle familie har så mange gode minner om deg. Du var alltid så gjestmild og snill. Takk for det du var for oss.
Minne, eit dikt av Henrik Straumsheim
Og det er dei ljose minne, dei strålar som brur i salar, dei lyser på vegen som kveikte kyndlar igjennom dei døkke dalar.
Og det er dei vakre minne, dei tonar som samlynd song, og knyter isaman dei farne dagar med dagar som kjem ein gong.
Og det er dei gode minne, dei flettar ein vakker krans, av blåe blomar langs ferdavegen, som låner himmelens glans.