fritur no
En siste Hilsen på vegne av din gamle venn Rond.
Savner deg farfar 🌹
Elias var fødd 7 September 1942 på Ikornnes. Han var eldst av en søskenflokk på fem. Elias gifte seg med Magna Bratseth i 1963 og fekk tre sønner Einar, Henning og Tore. Etter kvart har det komme til 7 barnebarn og 8 oldebarn. Elias og Magna valde etter kvart å gå kvar sin veg. Han hadde nok allerede i barndommen ei dragning imot fjøra sjøen og havet, Noko som også prega for det meste hans voksne liv. Det var der han fant levebrødet med unntak av nokkre år på landevegen. Han segla både nært og fjernt i handelsflåten, som oftast i maskina. Han hadde også mange år i fiskeflåten på nære og fjerne fiskebankar. Han prøvde seg også på Ishavet. Ettersom åra drog på vart helsa redusert. Mange huskar han nok om bord i Rond i seinare år. Dei siste åra vart helsa såpass redusert at han måtte gå på land for godt. I 2022 flytte han inn på Åse sjukeheim.
Etter kvart ebba kreftene ut og han sovna stille inn på Åse sjukeheim 29 Juni i år. Ett langt og fargerikt liv prega av arbeid, nære og fjerne himmelstrøk har komt til en ende. Dagens seilas går til siste havn.
Kvil i fred.